Det er deilig å være norsk i Dan mark

SY Coral IV
Kolbjørn Haarr and Otto Hulbak / Morten Persson
Sun 1 Apr 2012 20:31
55:27.006N 10:39.912E
 
 
Torsdag 29 mars 2012. Lukta av av middag stig opp frå byssa og det er Roald som kokkelerer. Han har med ferdiglaga kylling suppe som smaker fortreffeleg for eit klart og fokusert mannskap på veg til England via Danmark . Vi segla ut Oslofjorden og fekk med oss ein magisk og nydeleg solnedgang , og litt etter var månen oppe og ga om mogeleg ein enda meir magisk og fortryllande stemning. Vi styrte etter stjernene, og Hollænderbåen og etterkvart Færder fyr var igjen i vårt kjølvatn. Danmark var neste mål i horisonten og alt var nøye tima og tilrettelagt av Otto og Kolbjørn, som hadde lagt inn ruter og kompassretniger på kartplotteren , slik at det bare var for Steinar og meg å halde stø kurs sørover til kanskje varmare strøk. Det er lett å snakke om livets store spørsmål når ein sit slik under stjernehimmelen og føler seg i pakt med noko. Universet blir nesten automatisk eit tema i slike timer og ein finn ut at ein er eigentleg svært liten , men at ein likevel føler seg stor. Etter nokre timer til rors fekk vi avløysing av Kolbjørn og Otto cockpiten , og vi fekk med oss ein vakker soloppgang før det var på tide å krype til køys og få nokre gode timer p å auget. Fredagen begynte med nydeleg sol og fin vind og Coral IV segla i 6, 7 knops fart .
Værmeldingar er viktig å få med seg og vi visste om ein Gale ute i Nordsjøen og var glad vi ikkje hadde valgt å segle vest om Danmark . Etterkvart kom vinden til oss og, som sleppt utav ein sekk , men vår dyktige skipper Kolbjørn var oppservant og vi fekk tatt ned storseglet og gjekk vidare på fokk og maskin. Slik segla vi vidare forbi Læsø og ei ny natt nærma seg forsatt med god vind opp i kuling styrke.
Natta bydde igjen på  månelys og stjerner, og for ein som er vant til å segle små Oselvarer , er det ei stor oppleving å få stå aleine i cockpit og kontrollere ein svær seglbåt på 47 fot i svarte natta samtidig som ein synge av full hals “ Im sailing” av gamle Rod,n.
Etterkvart avløyste Otto meg og eg turna inn for å sove litt . Det var svært varmt i lugaren, og i ein døs opna eg dekksluka for å få inn litt luft. Det viste seg snart å vera ein svært dårleg ide får været auka på og brottsjøane slo på dekket og to av dei største kom inn til oss. Det  hadde vore greit viss eg hadde lagt oppe i køya ,men det gjorde eg ikkje.  På grunn av slingring  hadde  krokane til lebrettet røke, og eg låg på dørken og fekk sjøane rett over meg .
Eit lite nanosekund trudde eg det var Kolbjørn som dreiv gjøn med oss, men slo det snart frå meg, og skjønte snart alvoret med å ha luka oppe. Alt blei vått og det såg ut som om Roald var blitt sengevæter. Eg rasa ut av lugaren, sur på alt og alle for ikkje å få den nødvendige og sårt tiltrengte søvnen. Om ei lita stund skulle vi jo på vakt igjen. Steinar satt i ein stol og halvsov i fullt utstyr. Roald kom utav lugaren , kvalm og dårleg , for han hadde sklidd på  det våte gulvet og slått magen i køya på  andre sida. Han var som i ørske og snakka om sin kvalme og lurte på  kor eg var blitt av . Steinar visste ikkje, men då Kolbjørn satte seg på  beina mine fann dei meg. Så var det avløysing igjen utan søvn , og dei to som var oppe kunne fortelja om oppringing frå det danske søvernet som advarte oss sterkt om ikkje å segle inn i eit felt med vindmøller som ikkje var merka på  kartet. Det ville ikkje ha vore kjekt å havne i slosskamp med store vindmøller midt på  havet , så vi retter ein stor takk til søvernet for at dei passa på oss. Vidare utover natta var Steinar styrmann og me stor ro losa han båt og mannskap trygt vidare. Det blei ei kald natt med mykje vind og inimellom snøbyger, men etter kvart byrja det å lysne og følelsen av dagslys er ubeskriveleg god etter å ei lang natt. Igjen fekk vi avløysing og denne gang opna eg ikkje luka , noko som førte til  at vi fekk sova nokre timer. Vi  blei pyrra av Kolbjørn og gjorde oss klar til å segle inn til Kersminde, ein liten fin by på Danmarks austkyst. Det var meldt storm som vi fekk kjenna litt på før vi ankra opp i ei trygg havn. Den følelsen å setje beina på  land etter mange timer i opent hav er og ubeskriveleg.
Vi har no hatt ein fin dag i  den lille byen og fått med oss med oss vikingskipsbygging i Ladby der dei byggjer eikopi av av eit gamalt skip med 120 frivillge som økser og byggjer på  tradisjonell måte . Svært spanande å  sjå.
I morgon skal vi fikse litt på  båten før turen går mot Storebælt og seinare Kiel kanalen. 10 timers seglas framfor oss i morgon og vi gleder oss.
 
 

JPEG image

JPEG image

JPEG image

JPEG image