Kieler Kanal til Cuxhaven

SY Coral IV
Kolbjørn Haarr and Otto Hulbak / Morten Persson
Wed 4 Apr 2012 07:48
53:52.510N 008:42.379E
Kerteminde er eit tilbakelagt stadium og med reparasjoner på kicken og proviantering av naudsynte ting fekk vi ein flott seglas nedover Danmarks austkyst . Neste mål var Kiel og i 10 timer skulle vi stå til rors før vi skulle inn i Kielerkanalen. Vi segla med kutterfokk og to rev i storseglet og nærma oss Storebæltbrua i fint driv. Den var eit flott skue med sine høge brutårn og lange vaierstrekk. Alt i alt eit imponerande byggverk. Etterkvart som mørket kom vart brua opplyst og den vart om mogeleg enda vakrarere, sjølv om Otto meinte den såg ut som eit juletre.
 
Steinar og eg sto til rors heilt til vi var nokre timar frå Kiel , då vart Otto og Kolbjørn purra , og tok over skuta og vi vart slusa inn i kanalen. Det var ein opplevelse i seg sjølv å segle der med mange ferjer og bruer av alle slag. Til slutt kom vi til slusa som skulle ta oss ut i Elben, og vi sneik oss inn med knapp margin inntil eit Odfjell skip som og skulle vidare. Vel ute i Elben heiste vi segl og lensa med god bør mot Cuxhaven og bunkring der. Vinden auka på, men Kolbjørn leia oss tryggt inn i gjestehavna, men der fekk vi til fulle merka vindens styrke og drag i båten, vi balte ei stund med å fortøye, men etter litt fram og tilbake låg Coral fint til brygga, og alle var fornøgde.
 
Diesel blei fylt og Otto var på havnekontoret og sjekka opp kor vi kunne få oss ein dusj og kanskje andre fasiliteter , Otto er flink sånn, ordner opp liksom utan at vi andre merkar det. Steinar lurte fælt på kor tid Otto hadde hatt tid til dette, men så måtte eg minna han på at han hadde jo fylt diesel i mange minutt , og då var det greit for Steinar.
 
Middag skulle lagast og laks stod på menyen. Båtpoteter vart satt i ovnen med olivenolje og salt og peper. Laksen vart behørig dandert i ildfast form og satt inn til fisken. For at ikkje fisken skulle bli brent vart den tatt ut og satt opp på steikeovnen, det viste seg snart å vera eit lite lurt trekk, for med eitt var all laks og grønsaker som sporlaust forsvunne, på under eit nanosekund var alt havna bak komfyren, og ingen trudde det dei såg , aller minst kokken som hadde laga det til. Men for å sitere Ibsen i Terje Vigen; han sturte eit sekund eller to , så la han sorgen fra seg og starta på nytt. Heldigvis hadde vi masse laks. Dessutan gjorde det ingenting å ete laksen bak komfyren , for der var det jo reint , Otto og Steinar hadde vaska der for eit år sidan.
 
Jaja ,” sånn går no dagan”, her om bord i Coral, og Otto syns det var ein merkeleg odør i båten etter at han kom tilbake frå ein dusj.
No skal vi innta Cuxhaven!
 
//Hallgeir
 
PS Sterk kuling og snø er meldt, så vi har lagt oss på vent i Cuxhaven sammen med flere andre båter.....håper på bedre vær i morgen. //Kolbjørn

JPEG image

JPEG image