Tobago Cays igjen!

Minerva
Steinar Nordtveit & Reidun Erland
Fri 25 Jan 2008 13:37
Innsjekk på Union Island foregjekk i rolege former. Dagen etter vart vi innhenta av den norske konvoien, det var minst 10 norske båtar i Clifton Harbour på same tid.
Kjekt å møte gamle kjente, nokre av dei vil vi nok ikkje sjå igjen å denne turen.

Vi drog ut att til Tobago Cays på måndag, og i dag er det allerede fredag. Kva har vi gjort på? Snorkla, lest, hatt skule, baka grovbrød, svømt. Eit par av dagane har vi hatt temmeleg mykje vind, og på 14 timar var det ikkje mindre enn tre båtar som "dregga". Ankeret slapp taket og båtane dreiv med vinden. Den første var klokka to om natta. Eg kikka opp luka (for å sjekke at vi låg der vi skulle) og såg ein båt som låg på tvers av vinden og dreiv... Det var måneskin og mørkt så eg var ikkje sikker på at eg såg rett. Kort tid etter var Steinar på veg etter dei i Zodiacen, men før han nådde fram hadde mannskapet heldigvis vakna og fekk starta motoren. 5-6 minuttar til så hadde dei gått på eit korallrev. Utpå ettermiddagen skjedde det same med to andre charterbåtar like ved. Mannskapet var på land, og ein kjapp belgier redda begge båtane, mindre ein time mellom kvar. Vi har no to anker ute og søv godt om natta, men ser vel litt ekstra etter kor mykje kjetting våre nye naboar legg ut når dei ankrar opp... (For dei spesielt interesserte var det to CQR-anker og eit Delta-anker som slapp.)

No har vi hatt natur og miljø-prosjekt om livet på korallrevet. Først ut og observere og fotografere, deretter arbeide med bilete og fakta.

Neste stopp blir Mustique, Mathilde skal ha nokre ridetimar der i neste veke.

Reidun