38:39.155N 027:12.961W Angra do Heroismo, Terceira, Azorene

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Sat 25 May 2013 11:41
Me ankom Angra 22. mai etter mørkets frambrudd, men her var det fine kaier og ei nattevakt som losa oss rett i båsen. Straum, vatn og god internett er inkludert. Byen er som ein kardemommeby. Søte skeive murhus i mangen forskellige farga og forma. Trange brosteinsbelagte gater og hyggelige hjelpsomme mennesker. Igår fekk me med oss okseløp i gatene som er ein tradisjon her på øya. Fant oss ein mur å klatra opp på. Det var egentlig ikkje ein så dramatisk manndomsprøve då oksen hadde glatt underlag og ramla ein del. På kvelden var det racingløp i bygatene. Med fullsponsa arrangemang, brøling av motorar og hyling i dekk. Masse folk i gatene. Her smell det fra morgon til kveld, kvar dag. At det er lyst er ingen grunn til å la vere å fyre opp fyrverkeri. Ifølge vermeldinga blir me nok liggande nokon dagar til, då det er eit argsint trykk mellom her og Irland. Men det er jo fleire okseløp, underjordiske vulkanske grotter og fleire små landsbyar rundt øya som skal studerast. Føttene våre er sakte men sikkert begynt å venne seg med å gå med sko. Og t-skjorte og langbukser begynner å bli dagligdags. Temperaturen er 20 på dagen og 16 på natta, me venner oss litt og litt.




Sendt fra Galaxy Tab