Snart avgang for Atlaneren og Barbados

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Fri 23 Nov 2012 14:19
No har me vore her i Mindelo i snart ei veka, og tida har gått med til å utforske byen litt og få på plass dei siste tingena før overfarten til Barbados. Me har fått sydd oss eit gjesteflagg til Barbados hos sydama på markedet, handla skikkeligt fiskeutstyr på bakrommet til fiskaren Ariel, proviantert, drokke øl med andre langturseilarar, sendt livstegn til familie, sjekka rigg og båt og me begynner å bli ship-shape. Mindelo er ein artig plass med mangen marked og butikkar (detalhandel skjer over disk). Gatene er fulle av damer som bærer baljer på hodet med frukt, grønnsaker, fisk og alt annet som kan selges. Folk her er hyggelige og gjestfrie og ikkje for masete for ein nordmann å hanskas med. Det blåser ein gjevn bris fra nordøst som gjer det godt leveligt med ein temperatur på 30 grader fra kl 10:00 om morgonen. Me et for da mesta lokalfanga fisk (kjempegod grilla) kjøttet er dei ikkje så gode på, det er uansett importert, så kvaliteten er litt ymse. Me har tenkt å ha på Iridiumtelefonen frå kl 15:00 til 18:00 norsk tid kvar dag fram til Barbados. Nr er: (+)881631570603 ( i skrivande stond har me problema med å få inngåande samtaler, men det går grett å koble opp til nettet og å ringe ut..) og det er bare å ringe, det koster ca 15 NOK pr min og det er DU som betaler. (Ingen grunn til panikk dersom me ikkje har den på ein dag, det kan jo vere tekniske problemer.)