30:25.030N 009:38.197W Agadir.

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Tue 23 Oct 2012 09:56
Me for fra Mohammedia kjempetidlig søndags morgon. Og no har me kryssa sporet til Kaptein Sorte Bill. Der han tok skatten fra den Spanske gullfregatten i 1518 :vest for Mogador. Mandags kveld rett før midnatt var me inne i Agadir. Her var det ein som jobba på kaien som tok imot oss, og skulle hjelpa med fortøyningene. Og så var det ein annen lett bedugga kar som insisterte på å hjelpa. Det blei litt av eit show. Tau alle veia og av og på og av igjen, og når me låg greit så løsna fylliken på noko (mens han sa no worry madame) så låg me heilt på skjeiva igjen. Etter at dei for fortøyde me på nytt igjen sjøl. Så var det immigrasjon, toll og politi. Politimannen syntes me hadde for lite papirer og ville ha meir. Han fekk eit om forsikringen og blei fornøgd. Det er jo litt artigt for oss nordmenn på tur. På vegen såg me ein hai. Den var ca 1.5 m og låg rett framfor båten før han blei redd og stakk. Idag blåser det friskt og det ramler og gnager her i havna. Me skal kikke litt på byen.