43:19.885N 008:49.453W Punta do Boi

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Tue 28 Aug 2012 10:33
Servicemannen me har venta sånn på kom med pakken med AIS kl 12:00. (Og gjett om me var glade!) Kl 14:00 var me nybunkra og på veg ut av havna. Det var vind inn på babord side, og me segla fornøgde rundt neset. Etter rundinga blei den mest imot. Men me hadde seglena ute og motorsegla mesteparten av dagen. Ein litt sur dag egemtlig, regn fekk me og. Men me var storfornøgde med å vera på veg igjen. Kl 18:00 ankra me opp på ei strand ved Punta do Boi, lagde middag og tok ein tidleg kveld. Skal komme oss avgårde når sola står opp.