16:45.130N 22:58.767W Cap Verde, Ilha do Sal, Baia de Palmeira

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Sun 11 Nov 2012 20:17
No veit me ikkje kva det er som fyker rundt båten på nattestid. Er det fugl? Eller er det fisk? For på overfarten fra Tenerife til Cap Verde kom nemlig flygefisken. Det er mangen av dei, både store og små. Då eg og Raymond hadde vaktavløysning inatt kl 01:00 fekk han nesten hjerteinfarkt. Då var det ein som kresja med masta med eit klask og ramla ned i håvet på han. Men då fekk me jo tatt han nermare i øyensyn. Litt som ei sild med finner like lange som kroppen. Me har og sett små kval, delfiner, masse morild og noko anna stort som lyser i vatnet på natta. Det kan jo vere blekksprut?? To båter har det og vore på 5 døgn. Me har hatt veldig god medvind heile vegen over, brukte 5 døgn og ein halv time på overfarten. Surfa stort sett heile vegen. Ligger godt ankra, har bada og snorkla og gleder oss til innsjekk hos øvrigheta imorgon tidleg. Det blir sikkert eit eventyr..