39:35.096N 009:04.469W Nazare

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Thu 6 Sep 2012 22:15
Idag har me seilt kun 35 nm. Koselig etappe i veldig lite vind, men ein nydelig dag på sjøen. Strålandes sol, blikk og varmt. Såg svømmekrabbane igjen, sist var nord på spanskekysten. Men eg trur det var samme veret då og, så dei kan jo vera godvers-svømmarar. Såg og mangen “nålefiskar”, sikkert 25 cm lange. Heilt i overflata.  Me kappseilte i den litle vinden som var, og tapte. Engelsmannen som vant hadde fem seil, så det måtte jo gå sånn. Me har fotografert han som slo oss. Dei ropte oss opp på VHFen og ville at me skulle ta bilde av dei, siden bildet dei hadde på bloggen sin ikkje var av dei. Dei blei kjempefornøgde. Så viser det seg at mannen er datakyndig, og han skal ta ein kikk på internettet som me ikkje har fått til å virka si i forgårs. Stemningen her ombord er ikkje så veldig god når datating ikkje virka, så me gler oss til alt er på stell igjen. Dette er ein fiskarlandsby og ein turistby. Det er stor fiskerihavn; her selges det fisk på kaien kl 24:00 på natta, og fiskehandlarane kriga om kassane. Gamle skrokkete brunbarka damer lager tørrfisk på badestranda. Det er flekkt småfisk som tørker på hønsenetting i sola. Og det er masse hotell og restauranger med innkastarar, strandpromenade, badebutikka og yrande liv. Syden for portugisarar og ein del engelsmenn. Det er fortsatt fullt av svenske seglbåtar på tur. Då me kom ropte havnevakte oss opp på VHFen og sa me måtte komma “styrbord-styrbord” for å komme inn i den offentlige havna. Det viser seg at det er to havner, ei privat og ei offentlig. Den private kostar 16Euro, kva denne kostar veit me ikkje enno, men tviler på det er like billigt. Havnevakta, Mike, viser seg å vere ein gammal ire med skjelven stemme. Han er kjempehyggelig. Full av informasjon og gode råd. Her har det ikkje regna sidan november, så me får ikkje spyla båten, men fylle vatn kan me. Der han bur er det rasjonering på vatnet, kun 4 t pr dag, så han har flytta i båten for i havna er det vatn 24 t i døgnet. Han forteller og at når me gå vidare sørover må me holde 10 og 15 nm av landet pga straumen. Då vil me spare 1.5t pr dagsetappe. Han seier at straumen er nordgåande inn med landet, og sørgåande lengre ut. Bortsett frå myggstikk har me da bare bra.