15:51.726N 061:36.080W Terre d'en Haut, Iles de Saints

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Mon 4 Mar 2013 18:50
Etter ein fin seilas fra Marie Galant legger me oss for anker, pakker sekken med diverse herligheter og går på land. Det er eit lite hotell på stranda, så det blir ein liten is stopp før me tar beina fatt mot ein utsiktstopp. Etter det er det nedoverbakke til stranda der det blir bading og grilling på kvelden. Dagen etter forhaler me rundt neset og legger oss på bøye i "byen". Traver rundt for å kikke  litt og finne oss internett. Det er mangen mennesker som kommer på dagstur med hurtigbåtene, så til tider er det folksomt. På kvelden er det på tide at Charlotte og Erik får smake på den karibiske hummeren. Det blir store posjoner på alle mann, og stappmette fresar me tilbake til Verbena og køya.  Neste dag leiger me scootera for å sjå litt meir av øya. Først er det fortet som rommer eit ganske bra museum. Her møter me og på eit par Iguanar. Så freser me over til den største og mest populære badestranda for lunsj og bading. Resten av dagen fartar me litt rundt på den litle øya, og det er nok ikkje mangen vegar me ikkje har kjørt når kvelden kjem. Dagen etter er det på tide å reise tilbake til Point a Pietre på Guadeloup. Det blir motorkjøring heile vegen for det er nesten vindstille. Me fortøyer ved kai i tre tida, så skurer me båt,fyller opp med ferskvatn, alle dusjer og det lukter godt ombord. Torsdag 7. Mars skal Charlotte og Erik fly heim på kvelden. På dagen går me ein tur til akvariet som ligger innerst i bukta. Det er eit bra akvarium, dei har allslags karibiske fiskar og sjødyr, korall, skilpadder, hai, store stygge murener og ein fin lunsjrestaurang. Me ser dei vel avgårde i 6/7 tida på kvelden....(ikkje alle franske taxisjåførar er like gode i engelske tall på telefonen). Takk for besøket, det var kjempekoseligt!!

Sendt fra Galaxy Tab