37:06.506N 008:40.366W Lagos

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Fri 12 Oct 2012 20:32
Me er jo litt seine til kai. Ankom Lagos 20.40, og då er det blitt mørkt. Lang kanal/elv oppigjøne, så var det stopp. Opnebru ca 10m høg, og ingen på havnekontoret. Men det er ein ventekai, så her ligger me godt til i morgon. Har hatt ein lang fin dag. For fra Sines ved soloppgang 07.30. Litt varierande med vind, men det er noravind så det er rette retningen for vår ferd. Såg noko rart og stort som flaut i sjøen idag, og etter å ha inspisert det og diskutert måtte me rett og slett snu og ta ein kikk. Det var rester etter ein kval! Såg striper i “kjøttet” som på ein kval iallefall. Og det stinka. Og var stort. Kvalkadaver. Det kjem bilde når me får godt nok nett. Godt å vere på sjøen og høyra plystringa fra delfinane.