Til kais i Mohammedia.

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Fri 19 Oct 2012 18:13
Igår var det storm. Det blåste og regna, og me hadde ikkje rekna med at den kaldaste dagen (relativt sett) skulle vera i Afrika. 18 grader. Heldigvis låg me godt fortøyd etter gode vertips fra “havnesjefen”. For 3 sigaretter fekk me gå opp på moloen og sjå på dei digre bølgena som braut innøve. Den nyvaska båten vår er dekka av sand etter stormen, så det blir spyling imåro. Idag har me vore i Casablanca. Vasa rundt i rare smug, torg med bås etter bås med levande sau, dyre fancy hotell, slum med masse søppel og fattigdom og masse trafikk. Kontrastane er store. Då me var på veg ut av markedet, (på veg mot Hassan 2 moske) stod det plutselig 300 mann vendt mot oss... Skjønte ikkje heilt kva dette var, eller koss me skulle komma oss igjennom. Prøvde sidegata men der var det nett det samme. Så begynte høgtalarane å messa. Alle satt på tepper uten sko på. (Me hadde nok Mekka i ryggen) Fekk stillt oss inntil eit blekkskur undet eit tre sammen med eit par lokale guta som sikker ikkje var muslima. Dei fniste og lo av oss som såg på med store auge. Etter ein halv time med opp og ned og Amen og Allah pakka alle teppena og gjekk. Då var det open veg for oss ned til moskeen med verdens nest høgaste minaret. Den var fin og låg heil ved havet. Her i Mohammedia er det nok ikkje mangen turista. Fleire som helsar på oss i gata, og til og med to som har komt og snakka med oss og spurt om det er oss som ligg med seilbåten. Men alle er hyggelige og vil fortelle og forklare. Det er eit stort marked i gamlebyen. Der får ein kumagesekk, fisk, levande høns, reparert sykkelen, dei har snekkara, smed, og alt av grønsaker og frukt. Masse artigt å sjå på. Me kosa oss og er friske. Litt romling i magen, men med ein cogniac til kvelds så ordner alt seg.