43:37.103N 005:47.183W Luanco

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Thu 16 Aug 2012 14:26
Natt til 15, ca kl 24:00 braka det laus. Satt i båten og var på veg til sengs då det smallt skikkeligt. Dama på kaien hadde sagt at alle butikkar kom til å vera stengt neste dag p.g.a. festival. Og festivalen starta altså ved midnatt med det mest spektakulera fyrverkeri me nokon gang har opplevd. Det var store smilefjes og hjerter og allverdens dunder brak og hylera, og det holdt på i 25 minutter. Og me hadde orkesterplass. Neste morgon for me frå Guion for ein liten etappe til Luanco. Det var ein kjempefin bitteliten fiskarlandsby som hadde fått seg splitterny molo. Var ikkje kommen groe på den ein gang. Det var kun den gamle, mindre moloen som låg på innsida som var på kartet. Det var og ei smekke full lita badestrand rett nedfor den gamle steinkjyrkja. Me bada i den litle havnen, gjekk gjennom heile byen, åt is og orga litt på båten. Middag på byen og masse folk i gatena. (Det er jo festival). Kom oss i seng før midnatt og avgårde 16 kl 07:30 for ein litt lengre etappe. Men det er godt å ha god tid. Idag når det var ca 300 meter djupt kom det ein 15 cm brei raud krabbe svømmandes forbi!!?? Og så kom det ein til, og ein til. Då forstår me jo korfor alle har håv i båten. Merkeligt..