38:41.499N 009:25.029W Cascais

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Sun 9 Sep 2012 15:16
Våknet opp vede Ilha da Berlinga til tett skodde. Sov ein time til, men den var fortsatt tett. Så tett at me bare kunne skimta dei to andre båtane som låg på anker, men ikkje munkeklosteret me låg rett utfor. Men me ville jo ikkje ha det sånn heile dagen, så me heiv igang motor, AIS og radar og seig med 4 kn sørover. Det var skodde og skarp utkikk til ca kl 13:00. Etter det var det mest dis. Og me fekk sjå den andre seglbåten som hadde fulgt oss eit par timar på AISen. Når sola kom igjennom blei det ein fin dag. Me dorga og bada, fortsatt stille på sjøen. Kom til Caicas ca 19:00. Idag (dagen etter ank) er det søndag, og me har trødd ein tur i byen. Flott by med fleire små badestrender, masse butikkar og koselige gater. Blir nok ein togtur (ca 30 min) til Lisboa ein dag. Jobber med å legga inn bilder, men dekningen ramler ut midt i!!! Sjøl om det er god dekning. Arrrrg! Jobbar med saken mens eg smakar på den flaska med vin som me fekk av dama på havnekontoret når me sjekka inn. Så det hjelper jo.