40:08.903N 008:51.517W Figueira da Foz

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Wed 5 Sep 2012 09:18
Igår gjekk me frå Porto kl 08:00 og ankom Figueira da Foz kl 19:30. Det var ein kjempefin seilas med medvind og nesten ingen fiskebruk i sjøen. Det blåste mellom 5 og 10 sek/m så og sei heile dagen. Bortsett frå når me skulle legga til kai, då blåste han opp i 13 sek/m. Sånn er det jo bare..Eg hadde laga ei stor panna med Bacalao (er jo i bacalaoland) så det vart lunsj på veien. Bacalao her er torsk. Og det treng ikkje vera hverken med tomatsaus eller potet. Bare at det har torsk i seg. Men dei reklamerer med Bacalao Noruega på kleppfisk. Kanskje det er ein ekte lofottorsk født i Henningsvær? Idag skal me kika litt i denne byen og handla oss litt frampå med vinflasker. Her er det billig og det er sikkert ikkje så billig i Karibien. (der er det jo smått med vinproduksjonen) Me kosa oss og tar ein dag av gangen. Ser kva ver det blir, og kor kjekt det er der me er. Det er behagelig temperatur. Mellom 20-24 på dagen, og ca 18 på natto. Siger sørover, men me er godt i ruta og har god tid. Innsjekk i alle havnane har gått kjempefint. Det er nokon som skriver om at det er litt pes med innsjekk og myndigheter av og til, men så langt har dei bare kopiert masse og alt har vore raskt og smertefritt overstått for oss. Me kosa oss.