38:32.007N 028:37.532W Horta, Fajal, Azorene

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Fri 17 May 2013 18:30
Etter to dager på nydelige Flores tok me dei siste 130 nm til Fajal. Ankom her onsdag 15 mai. Her er det meir by med butikka, masse restauranga og båtbutikka! Det blåser og er skikkeligt kaldt, kun 15 grader. Me frys nesten ihel. Har funne fram alt av ull og det er deiligt med landstrøm sånn at vifteovnen kan gå på fullt. Regner med det blir litt varmare her før me fer. Etter at me var godt fortøyd her blåste da skikkeligt opp på kvelden. Da ula i alle riggane her, og så gjekk straumen. Me fyrte telys før me tok ein tidlig kveld. Idag er det 17 mai, men det er lite som skjer gitt... Men på søndag og mandag blir det full feirig, då er det spiritus sanktus. Det er det jo heima og, (pinse) men i detta katolska landet blir det feira med parader i gatene og så et dei noko suppe med brød. Me skal iallefall opp og ut å sjå på. Me følger spent med på mangen kjente som er på veg over atlanteren. Dei la av gårde for eit par dagar sidan, og det ser ut som det går bare bra med dei. Her kjem det båtar inn kvar dag. Mangen har brukt både 18 og 20 dagar, så me er kjempefornøgde med oss sjølve som brukte 15. (Ein franskmann med tre mannskap kom inn til Flores dagen etter oss og hadde brukt 20 daga, då gjekk han jo 4 daga før oss fra Bermuda. Kapteinen er fornøgd kan du sei...) Me har brukt dagane på å bli ship shape igjen, full dieseltank, fulle gassflasker, proviantert og ellers vaska og fiksa. Me måtte bytta ein o ring på sjøvannspumpa, så no er no den heilt ny. Me følger tett med på veret. Og når det ser ut som det blir gode forhold stikker me avgårde. Eg håpa det blir tid til litt caldeira kikking før avgang. 

Sendt fra Galaxy Tab