35:43.508N 043:33.715W Over halvvegs rapport.

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Sun 5 May 2013 13:57
No er me over halvvegs, og då er nedtellinga begynt. Så langt har det vore ein kjempefin tur. Litt lite vind, men det var me forberedte på, så diesel har me nok av ser det ut som. Fine dagar med sol og litt regnskyllingar av og til. Me har sett masse kval, delfinar, portugisiske krigsskip (både store og bittesmå), og sett ca ein fraktbåt for døgnet. På nettene har det i det siste vore ein del lyn. Det er jo eit fantastisk skue midt på havet. Heldigvis har det gått utenom oss, bortsett frå ein gang, men det gjekk jo bra det og. Det er enorme mengder morild som gjer at me har eit lysande kjølvatn etter oss. Og så blinker det støtt i noko som sikkert er blekksprut eller noko slikt. Og ein enorm stjernehimmel. Månen kjem ikkje opp før 2-3 tida på natta, og no blir den bare mindre og seinare natt for natt. Kl 18:00 går eg (Merethe) og slapper av til kl 21:00 då eg har vakt til kl 02:00. Raymond har vakt frå 02:00 til 07:00, og så er det frukost. Deretter får han legge seg og sove så lenge han vil. Mellom ca 11:00 og 18:00 blir det baka brød, fylt diesel, tatt ned vervarsel, sendt blogg, klokka pinsa og ellers det som trengs. Så er det middag før eg får kvile meg fra 18:00 til 21:00 igjen. Dette fungerer veldi bra, og me er utkvilte. Me duva vidare med kursen rett øst.