18:30,133N 064:21.714W Spanish Town, North Sound, Road Harbour, Nanny Key, British Virgin Islands.

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Sat 30 Mar 2013 22:15
På overfarten fra Anguilla, ca 70 nm, fekk me ein bråttsjø som slo inn i sittbrunnen. Det er me ikkje så vante med, og ventilane inn til lugarane bak stod opne. Først for det inn den eine, så den andre. No har me vaska og skyllt, tørka og hatt ute det meste så no er det reinare enn på lenge. Etter innsjekk i Spanish Town for me nord til North Sound. Der var det godt med vind, men me låg fint og skjerma på innsida av revet. Etter to netter var det påsken over og atter virkedag, me seilte sørover til Spanish Town igjen for å få båten spylt og bunnsmurt til heimturen. Opp kl 13:30, pussa, malte og polerte til seint på kveld. Neste morgon kl 08:30 var me tilbake i sjøen med god gli!! Over til Tortola og Road Harbour som er hovedstaden i BVI. Litt shopping, me møtte Quiet Place som frista med grillfest på Nanny Key så me heiv oss med. Her er me no, og det er skikkeligt fint her. Godt nett, fin badestrand rett ved båthavna, isbutikk, båtbutikk og ellers alt ein kan ønska seg.