17:54.033N 062:51.490W Gustavia, St. Barts

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Thu 14 Mar 2013 17:01
Torsdag 14 mars seilte me 35 nm til St. Barts. Tok passasjen mellom St. Estatius, som er nederlandsk, og nordvestkysten av St. Kitts. Her var det 20/25 m djupt. Me fekk sjå to rare røyksøyle der sjøen merkelig nok braut. Så fekk me sjå ein stor svart kvalspord høgt i lufta, og vekke var både brått og "røyk". Ankra opp utfor Gustavia på ettermiddagen. Denne øya har vore svensk før, men er fransk no. Alle gatenavn var skilta både på svensk og fransk. Det var til og med skilta "systembolaget" på eit alkoholutsalg. Dette er staden for dei rike og berømte, og prisane i butikkane deretter. Ein singlett til over 1000€ og ein liten pakke wasa knekkebrød til ca 70 norske? Dyrt, men ein kan får tak i mykje me ikkje har sett på lenge. Me låg omringa av digre yachta som ein kanskje ser ein av i norge ein heil sommar. Til og med med eige helikopter. Etter tre netter hadde me fått nok av diamanter og privatfly og satte kursen mot Sint Maarten som er den nederlandske sida på St. Martin.



Sendt fra Galaxy Tab