18:01.973N 063:05.839W Simpson Bay, Sint Maarten

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Sun 17 Mar 2013 17:01
I Phillipsburg fekk me bunkra opp med etterlengta diesel som det har lite av i 14 dagar. Så segla me til Simpson Bay og ankra på utsida av brua. Dette er ei opnebru inn til ein lagune, og den opnar til faste tidspunkt kvar dag. Kl 17:30 gjekk brua opp og ca 20 store og små skumma inn. Her møtte me All-Linn fr4a Bergen, og Memento som me sist såg på St. Kitts. Det blei ein fuktig aften med dei. Etter eit par dagar kom Hakuna Matata og. Her er godt utvalg i båtbutikkar og diverse, og det er jo alltid noko som skal fiksast. Me skal sy over forseglet, så me blir her ca ei veke.



Sendt fra Galaxy Tab