16:48.154N 062:12,541W Pogeon Island, Guadeloupe

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Fri 8 Mar 2013 18:50
På grunn av slækk feriemodus kjem me oss ikkje avgårde før kl 12:30, og vinden som me hadde god tru på vil ikkje blåse idag. Det er til tider blikke stille, men me putrer framover og er godt fornøgde med at me kjem oss til Anse la Barqe rett før sola går ned. Slepper ankeret, men det vil ikkje sitte, så det er bare å ankre om. Men det kjem tregt opp, og winsjen arbeider nok litt tyngre enn den er vant med. Me har fått eit dekk på, får det av og skal sette på nytt, men no virkar ikkje winchen. Me bestemmer oss for å gå 4 mil til Pigeon Island der det ifølge den store kloke boka er moringar. Det er blitt mørkt og me lyser og finn dei lett med lyskastaren. Det er ingen andre her bortsett frå ein dykkebåt og mystisk lys i vatnet der dei nattdykker. Me ligger godt for natta, litt nært land, men moringen sitter og siden det er ei øde øy er det stor himmel og søvndyssade bølgeskvulp.



Sendt fra Galaxy Tab