11:59.884N 061:46.151W Grenada, True Blue Bay

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Wed 30 Jan 2013 22:29
Etter ein deilig middag på land igår, med grilla fisk og bakt potet, kom kvelden plutselig på oss. Så det blei ein tidlig morgon, stod opp med sola, og kom oss avgårde mot Grenada. Fin seilas. Seilte forbi ein aktiv vulkan som er på veg oppover i sjøen. Det er merka godt i kartet, og det er ikkje lov å segla over, sjølv om det enn so lenge er djupt nok til det. Den første havna me hadde tenkt oss til, St. George, seilte me rett forbi. Altfor masse store cruisebåta. (Blandt annet Marco Polo som me har sett på Svalbard før.)I Tyrell Bay låg det ei gammal ferja med Ålesund prega inn i skutesio, vell og merka overmalt. Raymond lure på kass bilettmaskina dei har.... No sitter me på ein fin restaurant, heilt på kaien, sola går ned bak ei øy med palmer på. Og Verbena er i forgrunnen.Venter på mat, og me er holsvultne.


Sendt fra Galaxy Tab