13:00.57N 61:14.21W Beqia igjen.

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Wed 23 Jan 2013 16:40
Endelig blei me kvitt jordfeilen som har plagd oss lenge. Fant flinke elektrikara i Rodney Bay så no er me komt igang med øyloffing. Det blei gateparty på oss i Rodney Bay. Må opplevast, turista, lokale, gamle, unge i ei herlig blanding. Mens me låg til kai kom ein nederlandsk nabo og lurte på om me ville bytta påhengs. Dei hadde bytta til ein bitteliten gummibåt, og hadde ein 5 hk. Vår e jo 2,3 hk og luftavjkølt og gummibåten vår tåler absolutt større påhengs. Tenkte på det til neste morgon, så satte me 5hken på vår gummibåt og tok ein prøvetur. Me var godt fornøgde og sa at gjerne for oss. Den nederlandske naboen var opptatt så han sa bare bra og ok, så me la vår 2.3hk på kaien hans. Seinare på dagen, når me var innom eit par frå harstad såg eg sønnen i båten komma roande tilbake med vår 2.3 hk på... Den har aldri juksa, så det var jo litt rart. Når me så kjem tilbake til vår båt er påhengsane bytta tilbake, og me ser ingen før på eit par timar. Så kjem nabosønnen og seier at faren ikkje heilt likte lyden i motoren. (ikkje så rart viss det ikkje er lyd) så me tenker jaja og lot det bli med det. Kan jo ikkje tvinga folk. På kvelden møter me faren, som tidligere å dagen sa at han hadde hatt sånn motor før, og ikkje trengte å høyra noko om korleis den virka. (mannfolk) Me prata no litt med han mens me spaserte oppover kaien. Så viser det seg at han ikkje har opna for luftinga til bensinen. Når  me kom tilbake på kvelden står det atter ein gong ein 5hk på vår gummibåt. Me er fornøgde og drog frå Rodney før det blei meir att og fram. Seila sammen med paret fra Harstad, som bur i Sandefjord og har båten Quiet Life, til Marigot Bay. Var der 3 netter. Fin plass. Kom til Bequia igår kveld. Blir nok eit par dagar, det er musikkfestival her til helga, så skal me sørover. Ellers bader me og kosa oss. Livet er enkelt med 30 grader på dagen og 28 i sjøen, skilpadder som svømmer forbi og massse seglbåta å sjå på.  


Sendt fra Galaxy Tab