13:05.581N 059:37.045W Barbados

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Mon 10 Dec 2012 00:34
Då er både ankersdrammen og champagneflaska tom, og me nyter kvelden her på Barbados. Me ankom kl 07:00 lokal tid, noko som tilseier at me brukte 14 dagar og 15 timar på atlanterhavskryssinga. Det var ein kjempefin tur, bortsett frå siste 24 timar då det blei mykje vind og ikkje minst krappe bølger. Heldigvis gjekk tordenveret på sida av oss, men det blinka lenge og vel siste natta. Det rista laus gammalt slagg i dieseltanken, så når me bare hadde siste sving rundt på le sida av øya, og motoren hadde brumma ein halv times tid, blei det slutt på motorduren... Raymond skifta to filter og lufta (og svetta) men ingen start. Me prøvde igjen, men ingenting.. Til slutt (holdt på ifrå 7 til 11) blei røret til tanken plukka laus og der var det og masse drit. Då det også var reint, og alt var fyllt til randen med diesel igjen, kom godlyden tilbake og eit lettelsens sukk kom. Me gjekk til kai i Port St. Charles, sjekka inn, fekk oss ein spasertur for å ta ut peng i minibanken, og så blei det ein skikkelig buffetlunsj. Trøtte og fornøgde bunkra me ny diesel og segla til Carlisle bay, der me droppa ankeret, vrengde av oss alle kler og hoppa i havet. KARIBIEN!!!!! Sanden på stranda er så kvit at Eva trudde det var kokos....(Raymond vil bruka denne anledningen til å få formidla at me har sett og passert fira:4 båta på vegen.) Ellers helsa alle heim.