16:53.28N 25:00.06W Sao Vicente, Mindelo

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Sat 17 Nov 2012 22:23
I Palmeira var det kjempefin ankring. Me bada og snorkla og hadde herrens glade dager. Varmt og deiligt vatn, ca 27 grader, og fin temperatur i lufta, litt overskya, men det var bare deiligt så blei det ikkje så hett. Etter å ha reist litt rundt på øya for å få stempel i passet og tatt ut lokale penga, la me ut på planlagt dagstur til Santa Maria på onsdag. Det blei med lokal buss, lokal musikk, og med CU@sea ( svenskane Per, Paula og barna Albin og Lykke). Det er i Santa Maria turistane bur. Og der var det fin kvit badestrand, deiligt kaldt øl og ikkje for masete selgarar. I Palmeira var det små men koselige kår. Det gjekk kyr på stranda, i butikken hadde dei litt boksemat bak disk, og skulle du ha egg måtte du sjølv ha med eggekartong. (Det er eit stunt å handla egg i plastpose og frakte dei i gummibåt!) Det var reint, fargerike hus og pratsomme og trivelige mennesker. Smågutane på kaien fekk ein peng for å passa på båten mens me var iland. Etter å ha sjekka ut på torsdagen reiste me til øya St. Nicolao på fredagen. Me kom fram til Tarrafal etter mørkets frambrudd, ca kl 20:00, ankra og så blei det boller med brunost (siste rest) og kakao til kvelds. (Mens me tenkte på alle heima som har det kaldt og mørkt Smilefjes som blunker)
Blei der bare natta over, satte kursen for Sao Vicente, med marinaen i Mindelo som mål. Og her er me no, med påfylling av vatn, strøm fra kaien og imåro blir det så absolutt ein lenge påkrevd vask av nedsalta båt og mannskap. Innsjekk her var raskt unnagjort, for det er fredag, så det blir oppmøte hos imigrasjon først på mandag. Har ete grilla grouper på restaurang og det var kjempegodt. Det har seg slik at me nesten fekk to stooore fisk på kroken idag. Men så sleit fisken seg og no må me handla fleire kroka (og fisk på restaurang).