28:01.17N 16:36.89W Marina San Miguel, Tenerife.

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Sun 4 Nov 2012 21:44
Egentlig hadde me tenkt å ha ei natt til på Gran Canaria, men det var ikkje plass til oss i marinaen i Puerto de Mogan. Det var jo litt synd, for det såg ut som ein skikkelig trivelig plass. Me ankra opp i dei store dønningane, og Eva øvde på stuping ein halv times tid. Ho blir bedre og bedre. Så reiste me rett og slett til Tenerife, og no er me ferdige med middagen her i Marina San Miguel. Det var blitt mørkt då me kom inn, men i morgon får me gjera oss litt kjent.