28:57.220N 013:33.125W Arrecife, Lanzarote

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Sun 28 Oct 2012 08:32
Torsdag 25 okt måtte me sjekka ut fra Agadir, fordi fredagen skulle dei ete lam pga at Abraham nesten ofra son sin Isak til Gud slik det står i gamletestamente, og då kan ein ikkje sjekke ut frå Marokko. Me brukte litt tid på å få klarhet i kortid me seinast kunne reisa, fordi me ville helst reisa fredags morgon. Og pga at Marokkanane snakka dårlig engelsk og me dårlig fransk blir det gjerne litt “rett på” språk. Tollmannen sa iallefall “Don’t come back” til oss for å forklara at det ikkje gjekk å ombestemma seg og komma tilbake på ein helligdag. Det blei litt fnising, men han fekk fram poenget. Eva er på sin første tur, og så langt har ho lært seg to knuta og fått masse frisk luft, sol og vind i håret. Ho har laga mat og tatt oppvasken, så det blir ferie på meg.. På vegen over såg Raymond ei skilpadde som svømte i vatnet. Siden ingen andre såg den måtte me snu, og det kommer bilde på bildebloggen. Ellers har fleire delfina jakta rundt oss ved eit par anledninga. Ankom Arrecife på Lanzarote kl 19:30, og ankra opp inne på vågen her. Etter ankers og middag sovna me godt alle mann. Rolig og stille natt.