39:24.677N 009:30.418W Ilha da Berlenga

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Sat 8 Sep 2012 15:22
Forlot Nazare i 12 tida idag, etter at me hadde bunkra opp med ferske rundstykker, i motvind. Me kryssa oss sørover langs kysten som ifølge turistinfokartet heiter Oeste. Det blåste mellom 5 til 8 sek/m midt imot. Men dagsetappen idag var ikkje så lang, ca 26 nm, så det gjekk heil fint. Me ankra opp ved Ilha da Belinga rundt kl 17:00. Her låg det allerede ein Bavaria Holiday. Den hadde engelsk flagg og bestod av mor fra New Zealand, far fra St. Helena og tre søte barn. Dei var på flyttefot fra England til New Zealand. Har sett masse fisk idag, me er ganske sikker på at det er: månefisk. (skikkeligt eksotisk!) Dei legg eine sida opp og vifter over sjøen med den eine finna. Trur dei kan etast, så det blir forhåpentligvis månefiskekaker ein dag snart. St.Helenaren hadde fått 4 tunfisk på vegen her til idag. Så no er me skikkelig klar for fisking. Denne øya er fasinerandes. Det er eit naturreservat med eit gammalt munkekloster. Me ankra opp rett på utsida av den gamle “borga” som er murt opp rett fra havet. Det ligger nokre fiskebåtar på svai, eit fyr på toppen og så er det ein campingterasse for hippiar her. Men absolutt mest måse, og sånn lukrar det og. Men ein utrulig utsikt desse måsane har. Etter toppturen tok me ein øl på kafeen på festningsmuren der det vanka gitarmusikk akkopagnert med monnspel. Her er og mangen grotter som ligg i sjølinja. På gummibåtturen heim igjen tok me snarvegen gjennom bergklipene me hadde sett dei lokakjente gå. Drag fra havet og trangt, men det gjekk jo bare bra. Klokka er allerede blitt 21:30 og me har hatt nok ein fin dag.