42:28.525N 009:00.219W Punta do Muino

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Tue 28 Aug 2012 20:50
Stod opp grye tidligt for å få heile dagen. Men det viste seg å vera før soloppgang, så me slomra til 06:45. Så kom sola opp, og me og. Starta med fin motorseglig og frokost. Her er det fullt av bruk i sjøen, skikkeligt dårlig merka, så ein må ha eit auga fram heile tida. Det er litt kassar, stokka og anna rekgods, så det er greit å gå mens det er dagslys. Dagen idag har vore kjermpefin, om ikkje kjempevarm. Har hatt fleecejakken på i heile dag..Noko seglign, mest motorsegling, og eit par tima kun for motor. Ellers litt delfina og ein vill natur langs denne kysten. Beregkliper som går over til badestrand, fjell og noko som ser mest ut som lyngheier. Her er det “fjordar” Dei er selvfølgelig ikkje laga av isbre, men det er ikkje slette berget mot havet. Ankra opp i denne østvendte bukta kl 19:30, bada mens det enno var solstråler, så middag og eit glass vin. No er det på tide for sjøfararar å legga seg. Skal bli godt! 39 nm til Portugal, så det blir nok “obrigado” og Bacalao imåro. Raymond sei at han: “gler sæ te å slæppe å høre Spanjolan på VHFen”. (For det blir sikkert SÅ mykkje bedre på Portugisisk!!)