43:33.224N 005:40.274W Gijon

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Mon 13 Aug 2012 18:30
Alette reiste heim den 11 om morgonen tidleg.. Mens ho har vore her har eg hatt  fri som IT ansvarlig, og det hjelper på mitt hummør. Ho har fått alt som ikkje virket til å virka, men det viser seg at AISen lyser rødt. (og då virker den ikkje lengre...)Etter at Alette reiste grytidligt fredagen kraup eg til sengs igjen og då me stod opp bonkra me og gjekk fra Brest kl 12:00. Tenkte oss ut på øyena sør for Brest for å ligga i startgropa til Biscaya. Etterkvart som me fekk lest oss litt frampå med vermeldingane (motvind) fannt me ut at skal me venta blir det sikkert 10 dagar å vente, for det skal blåse opp og. Og bølgene blir større, og vinden er fortsatt imot. Så me satte kursen for La Coruna. På overfarten fekk me fleire besøk av delfinar (bilder kjem på blogspott), og såg ryggen og blåsten til eit par kvalar to ganger. No er det ca 30 min til me klapper til kai i Gijon. Det er i Biscayabukta, men lengre øst/inn. Det blei for mykje motvind til å gå lengre vest til La Coruna. Men no har me god tid til å sige langs kysten av Iberiahalvøya. Raymond sin bursdagsfeiring er utsatt med eit døgn; grunna dårleg tilgang på råmaterial. Men det skal bli både kake og middag på han imåro.. Ellers er me trøtte og gleder oss til ei heil natts søvn snart, og alt vel.