57:00.731N 005:26.738W Ardrishag, Crinan kanalen

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Wed 12 Jun 2013 17:54
Den 11 juni kl 05:15 om morgonen for me frå Dun Loghaire ved Dublin. Etter å ha konferert fleire tidevannstabella og fått grå hår blei me enige om at det er best å komme seg avgårde tidleg, og det såg ikkje så verst ut med tanke på å unngå motstraum heller. Me motorsegla i skodda mens coastguarden meldte regelmessig på VHFen om vinden som er kjem inn frå vest. Til slutt meldte dei at den skulle bli 7 på bauford, og det er stiv kuling, 13,9 til 17,1 m/s. Med den nydelige medstraumen me klarte å ha fant me ut at me peiser på mens veret er bra. Me hadde god medstraum oppover langs Irland, då me la østover og innover fjorden fekk me motstraum halvannen time for så å få den med igjen innover Firth of Clyde og til Ardishaig. Til slutt hadde me segla i eit døgn og lagt bak oss 180 nm. Me ankom Ardrishag 1,5t før dei opna slusa og då blei det ein liten cowboystrekk på oss. Me blei slusa inn kl 08:30 sammen med ein engelsk liten selbåt som me fulgte heile kanalen. Der var det seks mann ombord, og det var greit med tanke på slusearbeidet. Dei var ein artig gjeng, om enn ikkje så vante med sjø. Han eine holdt på i 10 min med å knyte fenderen fast i rekka. (grett med litt underholdning) Det var ein utrulig flott tur, nydelig natur, koselige hus og trivelige folk. Kanalen snirkla seg gjennom dalen og over markene, nokon plassa kan ein møtast to båtar, men stort sett ikkje. Blomster henger ner i vatnet og slusene blir operert for håndmakt. Etter 14 sluser kom ut på andre sida ca kl 16:00 og satte kursen for Fort William 55 nm unna. Det var eit fasinerandes øyrike utfor Crinan. Utrulig fint!! Og medstraumen var nok ein gong med oss. Noko me var glade for, for den var på det meste 4kn. Sola skjein og me motorsegla heile vegen inn. Kl 23:30 var me ankra opp ved Fort Williams som er inngangen til den Caledonske kanal. Og no var det godt å legge seg.