39:22.762N 31:10.219W Lajes, Flores, Azorene

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Sun 12 May 2013 21:17
Det blei eit gerilja annløp her på Flores. Ikkje meir enn ca 10 meter mellom moloane, store bølger, 10 sekm vind og skikkeligt trangt mellom båtane. Men no er me endelig til kai, har både strøm og vatn, fått fyllt opp med diesel, så me er vel egentlig klare for avgang igjen.. Men me må jo kikka oss rundt litt på denne øya først. Så langt virkar den lita, og alle menneskene har vore kjempetrivelige. Fekk tilbud om å få dusja heima hos han me kjøpte diesel av. (Det kan jo vere me stinka etter 15 dagar med sjøsprøyt) Turen over var ganske grei. Me såg utrulig mykje kval, kanskje ca 5 kvar dag. Møtte 1 til 2 lastebåtar i døgnet. God segling og fart dei første 8 dagane, så blei det stilla, og så blei det motvind. No har me vore på den lokale bar/restaurangen oppi svingen og fått oss stekt fisk til middag, og me ser fram til ei heil lang natts søvn tett i tett.




Sendt fra Galaxy Tab