57:00.731N 005:26.738W Ardrishag, Crinan kanalen
Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Wed 12 Jun 2013 17:54
Den 11 juni kl 05:15 om morgonen for me frå Dun Loghaire ved Dublin. Etter
å ha konferert fleire tidevannstabella og fått grå hår blei me enige om at det
er best å komme seg avgårde tidleg, og det såg ikkje så verst ut med tanke på å
unngå motstraum heller. Me motorsegla i skodda mens coastguarden meldte
regelmessig på VHFen om vinden som er kjem inn frå vest. Til slutt meldte dei at
den skulle bli 7 på bauford, og det er stiv kuling, 13,9 til 17,1 m/s. Med den
nydelige medstraumen me klarte å ha fant me ut at me peiser på mens veret er
bra. Me hadde god medstraum oppover langs Irland, då me la østover og innover
fjorden fekk me motstraum halvannen time for så å få den med igjen innover Firth
of Clyde og til Ardishaig. Til slutt hadde me segla i eit døgn og lagt bak oss
180 nm. Me ankom Ardrishag 1,5t før dei opna slusa og då blei det ein liten
cowboystrekk på oss. Me blei slusa inn kl 08:30 sammen med ein engelsk liten
selbåt som me fulgte heile kanalen. Der var det seks mann ombord, og det var
greit med tanke på slusearbeidet. Dei var ein artig gjeng, om enn ikkje så vante
med sjø. Han eine holdt på i 10 min med å knyte fenderen fast i rekka. (grett
med litt underholdning) Det var ein utrulig flott tur, nydelig natur, koselige
hus og trivelige folk. Kanalen snirkla seg gjennom dalen og over markene, nokon
plassa kan ein møtast to båtar, men stort sett ikkje. Blomster henger ner i
vatnet og slusene blir operert for håndmakt. Etter 14 sluser kom ut på andre
sida ca kl 16:00 og satte kursen for Fort William 55 nm unna. Det var eit
fasinerandes øyrike utfor Crinan. Utrulig fint!! Og medstraumen var nok ein gong
med oss. Noko me var glade for, for den var på det meste 4kn. Sola skjein og me
motorsegla heile vegen inn. Kl 23:30 var me ankra opp ved Fort Williams som er
inngangen til den Caledonske kanal. Og no var det godt å legge seg.
|