51:48.352N 008:17.702W Cork, Crosshaven

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Thu 6 Jun 2013 19:18
Motvindsseilas heile 6.juni fra Baltimore. Og det skal blåse fra nordøst iallefall til over helga. Men sola skin, og på radio høyres det ut som det er kjempefint sommarver og varmt. Det er jo 20/24 grader på dagen, så det er jo ingen grunn til å klaga. Irland er fint og grønt og lukta fjøs. Me har vore på pub og drukke både øl og lokal eplecider. Då me kom tilbake til båten stod customs på kaien og venta. Dei var hyggelige og noterte det dei trengte, tok ein rask kikk i båten og anbefalte ei god ankring på vegen nord.