39:24.677N 009:30.418W Ilha da Berlenga
Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Sat 8 Sep 2012 15:22
Forlot Nazare i 12 tida idag, etter at me hadde bunkra opp med ferske
rundstykker, i motvind. Me kryssa oss sørover langs kysten som ifølge
turistinfokartet heiter Oeste. Det blåste mellom 5 til 8 sek/m midt imot. Men
dagsetappen idag var ikkje så lang, ca 26 nm, så det gjekk heil fint. Me ankra
opp ved Ilha da Belinga rundt kl 17:00. Her låg det allerede ein Bavaria
Holiday. Den hadde engelsk flagg og bestod av mor fra New Zealand, far fra St.
Helena og tre søte barn. Dei var på flyttefot fra England til New Zealand. Har
sett masse fisk idag, me er ganske sikker på at det er: månefisk. (skikkeligt
eksotisk!) Dei legg eine sida opp og vifter over sjøen med den eine finna. Trur
dei kan etast, så det blir forhåpentligvis månefiskekaker ein dag snart.
St.Helenaren hadde fått 4 tunfisk på vegen her til idag. Så no er me skikkelig
klar for fisking. Denne øya er fasinerandes. Det er eit naturreservat med eit
gammalt munkekloster. Me ankra opp rett på utsida av den gamle “borga” som er
murt opp rett fra havet. Det ligger nokre fiskebåtar på svai, eit fyr på toppen
og så er det ein campingterasse for hippiar her. Men absolutt mest måse, og sånn
lukrar det og. Men ein utrulig utsikt desse måsane har. Etter toppturen tok me
ein øl på kafeen på festningsmuren der det vanka gitarmusikk akkopagnert med
monnspel. Her er og mangen grotter som ligg i sjølinja. På gummibåtturen heim
igjen tok me snarvegen gjennom bergklipene me hadde sett dei lokakjente gå. Drag
fra havet og trangt, men det gjekk jo bare bra. Klokka er allerede blitt 21:30
og me har hatt nok ein fin
dag. |