40:08.903N 008:51.517W Figueira da Foz
Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Wed 5 Sep 2012 09:18
Igår gjekk me frå Porto kl 08:00 og ankom Figueira da Foz kl 19:30. Det var
ein kjempefin seilas med medvind og nesten ingen fiskebruk i sjøen. Det blåste
mellom 5 og 10 sek/m så og sei heile dagen. Bortsett frå når me skulle legga til
kai, då blåste han opp i 13 sek/m. Sånn er det jo bare..Eg hadde laga ei stor
panna med Bacalao (er jo i bacalaoland) så det vart lunsj på veien. Bacalao her
er torsk. Og det treng ikkje vera hverken med tomatsaus eller potet. Bare at det
har torsk i seg. Men dei reklamerer med Bacalao Noruega på kleppfisk. Kanskje
det er ein ekte lofottorsk født i Henningsvær? Idag skal me kika litt i denne
byen og handla oss litt frampå med vinflasker. Her er det billig og det er
sikkert ikkje så billig i Karibien. (der er det jo smått med vinproduksjonen) Me
kosa oss og tar ein dag av gangen. Ser kva ver det blir, og kor kjekt det er der
me er. Det er behagelig temperatur. Mellom 20-24 på dagen, og ca 18 på natto.
Siger sørover, men me er godt i ruta og har god tid. Innsjekk i alle havnane har
gått kjempefint. Det er nokon som skriver om at det er litt pes med innsjekk og
myndigheter av og til, men så langt har dei bare kopiert masse og alt har vore
raskt og smertefritt overstått for oss. Me kosa
oss. |