16:48.154N 062:12.541W Little Bay, Montserrat

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Sat 9 Mar 2013 18:50
Når sola står opp fer me avgårde mot nytt land. Det er enno vindstille og speglblankt på sjøen så det blir nok ein motordag. Me polerer litt gelender for å få tida til å gå. Når me nærmer oss Montserrat må me følga med, for her er det ein vulkan som putrer i veg. Det ryk konstant av fjellet som ligger sør på øya, og me ser tydelig kor det har rent utover. Sist den hadde utbrudd var i 2011, så den blir konstant overvåka, og det er stengt rundt heile sørsida av øya og eit godt stykke ut i havet. Sidan det er så vindstille treng me ikkje å bekymra oss for at aske frå askeskya skal havne på båten. I totida svinger me rundt nordsida på øya og legger oss på ei moring. Det er store havdønningar og det bryter heile vegen langs landet på innsida av oss. Den gamle havna og hovedstaden blei fylt opp av aske i 1997, så det er ikkje noko særlig god havn her (i dette landet). Iallefall ikkje med nordlige svell. Me badar frå båten, vatnet er krystallklart og deiligt. Venter på at det skal bli forhold for å gå i land. Men det blåser litt opp frå nord, og det blir bare verre. Det ligger to andre seglbåtar her, også frå norge. Memento kjem ein tur bortom og kan fortelle at dei har vore rundtur på land, der dei har sett vulkanens øydeleggingar på nært hold. Og så har det vore eit innspelingsstudio her som Sting, Clepton, Mc Cartney, Stones og mangen andre kjente har brukt. Me får og vite at jo, det er ein minibank på land, men den er ute av drift. (litt spesielt med eit heilt land uten mulighet for å ta ut peng). Utover kvelden blir det meir og meir bølger, og det er umulig å sove når sjøen slår tilbake frå land og inn i opningen bak i cokbiten. Dei store havdønningane bryter bare 100 meter bak oss. Når klokka er ti på kvelden fer me vidare uten å ha satt foten i land. Litt synd for denne øya er anderledes enn dei andre. Men me får ha det til gode til ein annan gang. Setter kursen mot Nevis 33 nm unna. Her finner me oss ei moring kl 04:30 på natta og sovner ganske fort. Neste morgon vaknar me ikkje av det me trur...



Sendt fra Galaxy Tab