28:57.220N 013:33.125W Arrecife, Lanzarote
Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Sun 28 Oct 2012 08:32
Torsdag 25 okt måtte me sjekka ut fra Agadir, fordi fredagen skulle dei ete
lam pga at Abraham nesten ofra son sin Isak til Gud slik det står i
gamletestamente, og då kan ein ikkje sjekke ut frå Marokko. Me brukte litt tid
på å få klarhet i kortid me seinast kunne reisa, fordi me ville helst reisa
fredags morgon. Og pga at Marokkanane snakka dårlig engelsk og me dårlig fransk
blir det gjerne litt “rett på” språk. Tollmannen sa iallefall “Don’t come back”
til oss for å forklara at det ikkje gjekk å ombestemma seg og komma tilbake på
ein helligdag. Det blei litt fnising, men han fekk fram poenget. Eva er på sin
første tur, og så langt har ho lært seg to knuta og fått masse frisk luft, sol
og vind i håret. Ho har laga mat og tatt oppvasken, så det blir ferie på meg..
På vegen over såg Raymond ei skilpadde som svømte i vatnet. Siden ingen andre
såg den måtte me snu, og det kommer bilde på bildebloggen. Ellers har fleire
delfina jakta rundt oss ved eit par anledninga. Ankom Arrecife på Lanzarote kl
19:30, og ankra opp inne på vågen her. Etter ankers og middag sovna me godt alle
mann. Rolig og stille natt. |