13:00.57N 61:14.21W Bequia

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Wed 26 Dec 2012 15:55
No har det vore jul og ein god del har skjedd. Etter at me ankom Bridgetown
den 9. desember har me logge på anker i Charlile Bay. Hang med ein del svensker;
CU@Sea, Sassy Lady og Warskavi. Eva flyttet på land
og hadde eit par dagar med dusj og aircon før ho fauk heim til 20 minus og
julefeiring den 17. desember. På Barbados var det bra snorkling, såg skilpadder
på nært hold, smakte på rom, handla litt til jul, åt deilig hummer og ellers
deilige dagar. Den 21. desember kom familien Hellesund, men dei mangla bagasje.
Etter to dagar fekk dei halvparten. Dagen etter det fekk det heldigvis resten.
Dei brukte litt forsikringspenger og fekk handla seg opp på underbukser og
bikini før me forlot Barbados den 23. desember kl 18:00. Med kurs mot Bequia som
er den nordligste av Grenadinene, rett sør for St. Vincent. Kom fram til Port
Elizabeth kl 10:00 den 24. desember. Så var det rask ankring (litt for rask?) og
frokost med røykalaks, brunost, julesylte og spekeskinke. Då eg og Raymond for
inn til land for å sjekke oss inn begynte moroa ombord for fullt. Rett etter at
kapteinen var forlatt skuta fant det resterende mannskapet ut at me rak. Ankeret
hang seg deretter fast i nokon andre sin ankerskjetting. Heldigvis kom to
hjelpsomme svenskar oss til unnsetning, mens det kjørte ein pratsom franskmann
rundt båten og snakka kun fransk. Ho som gjekk sist på skulen, Rebekka, skulle
fortelle franskmannen korleis ståa var, og fekk på elegant fransk vis sagt at
“Kapteinen er i paradis” og peikte mot land. Han rista på hovudet og forlot
deretter området. Me fant båten godt ankra litt lengre ute då me kom tilbake
(tusentakk til svenskane og mannskapet), og så var det jul. Bading og grilling
på stranda, på kvelden tok me ein tur på land der dei skandinaviske festa, og
det blei ein sein kveld. Hellesundgjengen for ombord for Askepott og ludospel
aldskillig tidligare. Første juledag var det atter bading, me tok turen iland og
seig langs vegen og kikka på Bequaierane som visstnok døgna som julefeiring??!!
Det er god lunk i Karibien, nydelig fin
plass. |