17:09.058N 062:37.869W Charles Town, Nevis

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Sun 10 Mar 2013 18:51
Me blir vekt av tuting på utsida av båten. Gjennom lugargluggen ser me at det er kystvakta sin tenderbåt med minst ti "staute" karar ombord. Klokka er 10:15 og altfor tidligt for oss som la oss i femtida. Men med sånt besøk er det bare å pelle seg opp. Dei seier det er rutinekontroll og spør fint om dei får komme ombord. Og det må dei vel få.. Det er heldigvis bare to som kjem. Dei går gjennom alle papirer, brannslukkingsutstyr, redningsverster, sjekker dato på nødraketter og er ellers hyggelige. Så spør dei om å få søke gjennom båten. Og det må dei jo få lov til... Det er ein lokal som står for heile "operasjonen", han andre virker som ein observatør, og eg trur han er nederlandsk. Han lokale begynner med friskt mot på eine lugaren bak. Alle skap er tomme, for her har me jo nett hatt besøk. Han løfter på madrassa og finner ei flaske som Raymond har kilt ned med vanntanken. Det er batterivatn og han leser nøye på flaska. Han kjem jo til å vere her heile dagen viss han skal vere så nøye. Me har jo utstyr og produkter i alle skap og stuverom. Men då han opner døra på litlelugaren framme sjønner han at han har gått for hardt ut, for her er det stablet sjøsikkert frå dørken og opp med alt mulig. Han sveiper over med blikket og stenger døra. Så er visitasjonen slutt og dei takkar for seg. Då er det frukost før me må i land og sjekke inn. Ifølge den store kloke boka skal det vere opent til ett. Men når me kjem til kontoret 12:05 er dei gått for dagen. Me skal og ha bensin til gummibåten, og legger i veg oppover i byen. Første bensinstasjon er stengt, for straumen er gått og pumpa virkar ikkje. Men hyggelige lokale kjyrkjegjengarar kan fortelle at dei trur neste stasjon er open. Etter ein god halvtimes tur ser me at ja, den er open. Men damene der kan fortelle at dei heller ikkje har straum, så ingen bensin. Me kjøper brød og reiser tibake til båten, hiver laus og segler dei ca 10 nm til Basseterre på St. Kitts, som er hovedstaden på Nevis og St. Kitts. Her er det cruise skip havn, og innsjekk er opent til sju på kvelden, og forhåpentligvis har dei ikkje straumstans. Når me er ca halvvegs over blir det liv på VHFen. Det er ein amerikanar(?) som roper opp kystvakt, havnepoliti og politi i Bassetrre. "This is an emergency" Me spisser øyrena og høyrer at det er eit innbrudd på gang i ein av seglbåtane som ligger ankra. Han kan fortelle at dei tre gutane på båten er i land, og at flagget et blått og gult. Me lurer på om det kan vere Sassy Lady, strammer segla og fosser mot åstaden. Heldigvis er myndighetene raske nok på pletten, og båtnaboane har gjort ein god jobb med å ta fra tjuvane ein ipad dei prøvde å svømma(!!!) i land med. Når tjuvane svømmer til stranda står politiet å tar imot dei. Seinare på kvelden kjem Sassy gutane tilbake til båten, og dei kjem og tar ein øl. Dei trur det er oss som har flytta på svømmeføttene i sittbrunnen. Heile historien til Sassy kan de lesa på deiras blogg: www.sassylsdy.se Men dei meiner alvor med turistane her nede, og allerede neste dag 09:30 er det oppmøte i retten. Kl 13:00 er det domsavsigelse, og den eine guten fekk straffarbeid, mens den andre,som var are 17 år,fekk: 7 piskeslag!!!! Han skulle i forkant bli vurdert av lege om han tålte piskeslagena!! Så straffena e hardare her enn me skandinavar er vante med. På kvelden åt me alle middag på land, og ønska dei god tur vidare mot Virgin Islands. Tru kor me møtes igjen.


Sendt fra Galaxy Tab