13:14.875N 61:16.345W St. Vincent
Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Fri 28 Dec 2012 18:34
Gjekk fra Port Elizabeth ca 07:30 den 27.12, og reiste til ei ubebodd øy
rett sør for Bequia. Her var det super snorkling på fine koraller med masse
fisk, me plokka kokosnøtter og grilla. Avgang ca 16:30 med kurs for St. Vincent
der me la oss til i Wallilabou bay. Kom inn etter mørkets frambrudd, og det var
magisk. Såg ingen lys før me var så og seie nesten i land, det var fullmåne og
dramatisk jungel rundt heile den smale bukta. Det føltes som ein skikkelig
piratplass. Det kom to småbåter mot oss på veg inn vika og dei ville hjelpa oss
med ankringa. Me holdt på å kjøra på den eine som ikkje hadde motor, det var
full krig og krangling mellom hjelparane. Me valgte han med finast båt, og alt
gjekk fortreffeligt. Tok oss ein tur i land, og det viste seg at det er faktisk
her Pirates of the Caibbien filmane er spelt inn. Det var til alle damenes glede
bilder av Jack Sparrow over alt. Stille havn og trolske omgivelser. Dagen etter
gjekk me opp til ein foss me hadde fått anbefalt av mannskapet på Embla, ein
annen norsk båt som låg her. Der dusja me i fossen, såpe, shampo, balsam, full
pakke for oss nedsalta skjeler. Me reiste så vidare til Chateaubelair. Her blei
me og møtt av ein ivrig padlar, han loste oss fint til ankringsplassen. Og så
fortalte han oss at ingen kødda med han, for både mora og bestemora hans dreiv
med voodo. Me fant ut at då var det jo trygt og grett å ha han som kompis. Me
kosa oss. Renate helsar alle ODB damene ei riktig god romjul, Nora Marie og
Rebekka badar og kosar seg. |