Takk for oss!
Brisa del Mar
Thorbjørn Alver Jørgensen og Brith Helen Bjelkarøy
Fri 21 Feb 2014 22:14
Brith
Helen hadde heilt rett då ho sa at 2 veker var alt for kort tid til å oppleve
Karibien, men kjære vene kor mykje vi har fått med oss disse to vekene! Det var
en slitsom start med lang reise, lite søvn og bøtte mellom beina på første
overfarten, men det har teke seg opp og vel så det
Det har vore mange timar på sjøen, med alt frå bok og pute på framdekket i
strålande sol til sterk vind og zipline i vesten. Hav er fasinerande, endrar seg
heile tida. Vi har sett delfin ( i eintal..), skilpadde (i fleirtal) og
flygefisk, ville apar, pelikanar som stuper i havet etter fisk, butikkdamer som
syng gospel, rastamenn i fargerike luer, palmar og kvite strender. Vi har hoppa
i sjøen kvar morgon før frokost. Snorkla med fisk i alle fargar, mønster,
fasongar og størrelsar, fulgt dei gjennom rev og eksotiske vekstar. Snorkla på
ein lastebåt som sank i 1905, kjempestor og rett under overflata, full i fisk og
korallar. Det har vore mykje god mat, god prat, fine turar og vakre
solnedgangar. Og i dag tok BH og eg taxi til Sunset Beach og fekk føle suget av
flya som landa rett over hovudet på oss, i lag med nokon hundre
cruisepassasjerar! Etterpå låg vi på stranda for første gong disse vekene. Ein
del regnbyger har det vore, men pytt, vi er vasstette.
Tusen takk, kjære Thorbjørn og Brith Helen, for at vi fekk lov å vere med
dåkke disse vekene og ta del i eventyret dykkar!!
Stor klem frå Anne-Toril & gjengen (som dessverre må setje seg på flyet
heimover i mårå....)
Thorbjørn viser kvar vi er på Marie Galante
På veg til Grand-Bourg på Marie Galante
Lunsjtid!
Kveldssol over Terre de Huit på Ile les Saints. Her låg vi to dagar.
Snorklestopp ved Pigeon Island utanfor Guadeloupe. Fantastisk
opplevelse!!
Ankerdram i Nelson’s Dockyard, English Harbour.
Altid beredt, sydvest i sekken. Her er vi i Deep Bay, kveldstur i
land
På fortet i Deep Bay
Stranda i Deep Bay
Brith Helen blir kjent med dei lokale, hihi Utflukt med taxi frå Basse
Terre på St Kitt.
God dag god dag
Solnedgang på Whitehouse Bay, St Kitt
St Martin, den berømte Sunset Beach der flya “barberer” hauda på dei som
ligg på stranda....
Siste dagen og siste sjans for en tur på stranda.. Har litt å gå på endå
når det gjeld brunfargen..
|