68:48.211N 16:32.522E Harstad og heima.

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Sat 13 Jul 2013 16:00
Så var det siste etappe før me var heima. Tok ein lang dag fra Lurøy og til Tranøy på Hamarøy. Ein kjempefin dag, god medvind, og ein nydelig skjergård. Fekk med oss ein superstressa mayday ved Boga. Ein franskmann som hadde mista styringa, og etter ei stund fant me ut at det er jo han som går i ring rett framfor oss. Det kom ein båt ut fra eit fiskeoppdrett, så det ordna seg fint for franskmannen. Etter ei stille og kort natt på Tranøy la me kursen til Løddingen. Der handla me flatbrød. På turen gjennom Tjeldsundet fekk me fira småsei, så det blei seimølja med flatbrød når me låg ankra ved Lillerogla. Kl 17:00 kom me sigande inn til Harstad. Der stod familie og tok imot oss med kvæfjordkaka. Deiligt å vera heima igjen. Sola skin og enno er det sommar. No skal me bare komma oss på plass med ting og tang, og flytte inn i eit unødvendig stort hus med unødvendig mangen ting. Og heile besetninger var enige om at det hadde vore ein fin tur. Takk til alle me har møtt på var veg, og alle som har fulgt bloggen vår. No er det bare å legge planer for neste tur.