59:49.044N 004:36.054E Engesund, NORGE!!!!!

Verbena
Raymond Anders og Merethe Polden Karlsen
Wed 19 Jun 2013 16:38
Kl 08:00 mandag 17 juni tok me dei to siste slusene ut fra den caledonske kanal. Me hadde blank sjø og medstraum dei første fem timane. Så kom sidevinden som låg mellom 9 til 12 sek/m som gav oss god fart. Etterkvert dreide vinden bak og auka litt så me holdt samme gode farta. Etter to døgn såg me atter slike fjell og fjordar.  På overfarten hadde me ei gjennomsnittsfart på 7 kn. Peila oss inn på Bakkasund for handling på norsk butikk og spyling av båt. Det blei rommagraut, jordbær og kaviar. Så blei kursen satt mot Engesund og Fitjar. Flaggstrekket blei satt opp før me ankom  ein jublande gjeng med flagg, kaker og gammal jegermarsj. Dei blei varsla 45 min før me klappa til kai, men klarte allikavell å hanka inn ein journalist. Så var det fotografering og tredjegrads forhør om turen. Me planlegg å ha nokre rolige dagar og sola skin her på i sunnhordland.




Sendt fra Galaxy Tab