USA

Minerva
Steinar Nordtveit & Reidun Erland
Sat 19 Apr 2008 14:53
Nå har vi allerede vore ei veke i USA. Her er Ola og Mathilde sine kommentarar frå dei første tre dagane:



Når vi kryssa til Florida frå Bimini var det fyste vi såg høge bygninga opp av sjøen. I USA finn du alt du treng og alt du ikkje treng.

Cold Stone er ein isbar kor der er meir snop enn is og det er mange typar som for eksempel blå sukker- spinn is.

Veiane dei har her er som spaghetti på ein talerken. Vi var så miljøvenlig og leigde ein mitsjubishi kabriolet (som er vanlig her samen med hummer , jeep og mangen anre bilar,eg såg seks hummerar på fem timar).

Ola



MITT MØTE MED USA

Då vi kryssa over til Florida var vi midt uti ingenting. Plutselig såg vi nokre svære bygningar i

horisonten som tydeligvis var bygd på sjøen. Dette var første gongen eg såg skikkelige skyskraperar. Då vi kom inn fant vi oss ein fin marina og bestilte litt pizza. Callista, ein nederlandsk båt med ein familie på fem, var komen inn i den same marinaen ei stund etter oss, og alle ungane åt pizza i Minerva. Etter vi hadde åte (dei pizzaene var svære så vi åt berre litt av totalinnholdet) solgte eg og Annemiike nokre smykker til to damer som satt på kaien . Plutselig sat vi alle inni ein svær bil på vei til ein is-bar, det var ein amerikaner som hadde hørt at vi aldrig hadde gått til ein is-bar før. Is-baren var svær (det som nokre folk seie at alt er så stort i USA er faktisk ganske sant) , det var ein ca. 20 meters lang disk med is og bøtter med ting vi kunne få blanda inn i isen. Det var alt i alt ganske overveldande. Neste dag gjekk vi på shopping (tenk at Ola og Pappa var med frivillig!) og vi kjøpte oss sko og sokkar (vi har jo berre brukt sandaler siden Spania) og nokre kler. Når vi kom tilbake til båten flytta vi Minerva (og Callista) til ei privat brygge i ein av desse kanalane. Det er med god grunn at Fort Lauderdale er kalla USA's Venezia, for da er små avbrekk i kanalane. Neste dag leigde vi ein bil. Vi er veldig miljøvennlige og bruker ikkje aircondition, men vi leiger oss heller ein cabriolet. Vi cruisa litt rundt mens mamma kjefta på pappa for at han ruser motoren. Neste dag gjekk vi og shoppa igjen på det samme shoppingsenteret, fordi det er så svært at vi ikkje fekk dekka 1/4 forrige gong. Vi splitta opp og eg og mamma brukte to timar på berre 2 butikkar. Det er litt rart at vi brukte så lang tid, men det var mange fine kler der. Shoppingsenteret er så stort at du får plass til opptil fleire sartorsenter inni der.

No synest eg at eg har skreve meir enn nok om kva som har hendt i løpet av dei første dagane her i USA og seie takk for meg.

Mathilde.